Bli med på Hallingdals fyrste ombruksfestival!
Ombruksfestivalen er eit samarbeid mellom kommunane i Hallingdal, og har fokus på ombruk, reparasjon, og delingskultur. Festivalen foregår i heile dalen, med ulike aktivitetar i kvar kommune. Anten du ynskjer å lære meir om reparasjon, delingstenester, eller berre har lyst til å la deg inspirere, bli med og oppdag moglegheitene som ligg i ombruk og fellesskap i Hallingdal! Sjå Facebook-arrangement.
PROGRAM
(oppdateres fortløpande)
🗓️ TORSDAG 24.APRIL
🔧 Fiksefest for småelektronikk
⌚️ 09.00 – 14.00📍Fojaeen, Ål Kulturhus (Myren 40, Ål)
Treig PC, øydelagd ladar, lampe eller nettbrett?
Ta det med på fiksefest og få hjelp til å fikse dei øydelagde produkta dine!
Elevar ved elektro- og datateknologi ved Ål vgs stiller med verktøy og kompetanse, delar må du sjølv syte for, men vi kan gi råd om kvar desse kan kjøpast. Bli med å skru opp, utforsk og reparere dei øydelagde produkta, slik at dei får eit lengre liv.
Meir info
🎿 BUA – Gratis utlån av sports-og fritidsutstyr
⌚📍sjå fritidhallingdal.no for din lokale utlånsbu
BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som lånar ut sport- og friluftsutstyr, heilt gratis! Her har du moglegheit til å låne utstyr for å prøve ulike aktivitetar heile året.
Meir info
💛 BUA – Hol byr på turvaffel denne dagen
⌚16.00-18.00📍BUA Hol (Lienvegen 99)
Kom og lån sport- og friluftsutstyr, heilt gratis! BUA Hol byr på turvaffel til alle som er innom denne dagen.
Meir info
📕 Utlån av bøker, filmar og lydbøker
⌚📍 sjå Hallingdalsbiblioteka.no for åpningstider på ditt lokale bibliotek
Meir info
📕Folkeverkstad for unge vaksne v/Karin Barasinksi
⌚18.00-20.00📍Ål Bibliotek, (Myren 40, Ål)
I denne workshopen lærer du å lage vakre og funksjonelle bøker ved hjelp av gjenbruksmateriale som gamle bøker, magasin, avisutklipp og anna materiale frå biblioteket. Deltakarane lærer grunnleggjande teknikkar i bokbinding, inkludert ein enkel metode for japansk bokbinding, og kreative metodar for å lage unike notatbøker, skissebøker eller dagbøker.
Meir info
🗓️ FREDAG 25.APRIL
🔧 Fiksefest for småelektronikk
⌚️ 09.00 – 14.00📍Fojaeen, Ål Kulturhus (Myren 40, Ål)
Treig PC, øydelagd ladar, lampe eller nettbrett?
Ta det med på fiksefest og få hjelp til å fikse dei øydelagde produkta dine!
Elevar ved elektro- og datateknologi ved Ål vgs stiller med verktøy og kompetanse, delar må du sjølv syte for, men vi kan gi råd om kvar desse kan kjøpast. Bli med å skru opp, utforsk og reparere dei øydelagde produkta, slik at dei får eit lengre liv.
Meir info
📕 Utlån av bøker, filmar og lydbøker
⌚📍 sjå Hallingdalsbiblioteka.no for åpningstider på ditt lokale bibliotek
Meir info
🍿Ombrukskino
📍 Ål kino (Myren 40, Ål)
⌚ Grusomme meg kl. 17.30
⌚ The Old Oak kl. 18.00
I samarbeid med Ombruksfestivalen visar Ål kino to populære filmar som ikkje lenger er i det vanlege kinoprogrammet. Grusomme meg er borna sin favoritt og The Old Oak er dei vaksne sin.
Ombrukspris kun kr 50,-/billett. Sjå dei igjen eller for fyrste gong – for film er best på kino!
Meir info
🪡Omsorgsfull saum med Turi Rudningen
⌚ 18.00📍Flå Veksthus (Sentrumsvegen 24)
I samarbeid med Flå frivilligsentral og Flå Husflidslag, kjem Turi Rudningen, kjend frå Det Store Symesterskapet, med foredraget «Omsorgsfull saum». Få tips om tekstilval og reparasjon, og tips og triks til husbruk. Etter foredraget kan dei som vil sjå på noe av det ho sjølv har laga og reparert.
Eit inspirerande foredrag om gjenbruk og fiksing!
Meir info
🗓️ LAURDAG 26.APRIL
🎨Folkeverkstad for barnefamiliar v/ Karin Barasinski
⌚ 12.00-14.00📍 Ål Bibliotek (Myren 40)
I denne workshopen går vi inn i kunsten å lage vakre og funksjonelle bøker ved hjelp av gjenbruksmateriale som gamle bøker, magasin, avisutklipp og anna materiale frå biblioteket. Deltakarane lærer grunnleggjande teknikkar i bokbinding og kreative metodar for å lage unike notatbøker, skissebøker eller dagbøker.
Meir info
📕 Utlån av bøker, filmar og lydbøker
⌚📍 sjå Hallingdalsbiblioteka.no for åpningstider på ditt lokale bibliotek
Meir info
👕Hemsedal: klesbyttedag
⌚ 10.00-12.00📍Hemsedal frivilligsentral (Imrevegen 19)
Meir info
👕Ål: klesbyttedag og reparasjonsrettleiing
⌚ 12.00-15.00📍Ål Kulturhus (Myren 40)
Ål bygdekvinnelag, Ål husflidslag og Ål frivilligsentral ønsker velkomen til klesbyttefest.
Ta med 7 heile og reine plagg og lever inn på førehand til frivilligsentralen.
Det blir gratis drop-in i redesign workshop og reparasjonsrettleiing. Vi har symaskiner, stoff og det som trengst til redesign. Ta med tøy som treng reparasjon.
Meir info
👕Nesbyen: klesbyttedag og reparasjonsrettleiing
⌚ Info kjem📍Sollys (Alfarvegen 147)
Meir info
👕Flå: klesbyttedag og fikselaug
⌚ 11.00-14.00📍Flå folkebibliotek (Sentrumsvegen 24)
Bytt klede du ikkje lenger brukar – og få nye favorittar i retur samtidig som du sparar miljøet! Lever inn klede i forkant, og bli med på klesbyttedag og fikselaug på Flå bibliotek.
Meir info
Kommunene i Hallingdal






Hei g velkommen