Spar pengar og energi: 10 energisparetips for heimen din! 

Det meste av straumen vi brukar i heimane våre går til oppvarming, og det er her energisparetiltaka våre kan ha størst effekt. Det finst mange energisparetiltak, nokre er meir kostbare, men det finst óg ein del som er gratis eller krev minimal investering. Det handlar ofte meir om bevisstheit og vanar enn om store investeringar. Ynskjer du å senke straumrekningane dine og redusere energiforbruket utan å tømme lommeboka? Her er 10 enkle energisparetiltak som kan gjere ein forskjell: 

  1. Slå av lys og bruk sparepærer: Slå av lys i rom som ikkje er i bruk. Utnytt dagslyset. Bruk sparepærer, spesielt til utelys og rom som er kalde eller berre delvis oppvarma. 
  2. La vér å fyre for kråka: Ikkje la vindauge stå opne over lengre tid. Luft heller kort og effektivt, då får du raskt skifta lufta i rommet og unngår nedkjøling av gulv, tak og veggar. 
  3. Redusér innetemperaturen: Som ein tommelfingerregel sparar vi 5% av straumen som ville gått til oppvarming, for kvar grad vi skrur ned innetemperaturen. Hugs at menneske óg er varmekjelder; jo fleire gjester – desto større grunn til å senke varmen. Ha ei lågare temperatur i rom som vert brukt sjeldan eller berre delar av døgnet. 
  4. Bruk varmtvatn fornuftig: Bytt til sparedusj om du ikkje har. Sparedusjen gjer at vi brukar halvparten av vatnet vi ville brukt i ein vanleg dusj. Ta ein dusj i staden for eit karbad. Skift pakning på dryppande kranar. Om varmtvatnberedaren har nok kapasitet, kan temperaturen i beredaren reduserast til 70 grader. 
  5. Slå av elektroniske apparat: Enkelt, men effektivt. Hugs å slå av TV-ar, datamaskinar og andre elektroniske einingar når dei ikkje er i bruk. Elektroniske apparat som har stand-by-modus trekk straum sjølv når dei ikkje er i bruk, og må difor slåast heilt av. 
  6. Trekk og luftsirkulasjon: Monter tetningslistar rundt trekkfulle vindauge og dører. Sett ikkje møblar framfor varmeovnar, det hindrar varmen i å sirkulere. Trekk for gardiner og persienner om kvelden, det reduserer varmetap gjennom vindauge. 
  7. Fyr riktig med ved: Bruk tørr ved, god trekk, og legg ikkje i for mykje om gongen. Fyring i open peis er mest for kosens skuld. Hald spjeldet lukka når peisen ikkje er i bruk. 
  8. Vask med fulle maskiner: Fyll opp vaskemaskina og oppvaskmaskina før bruk. Dei fleste maskinane brukar like mykje energi anten dei er fulle eller ikkje. 
  9. Riktig bruk av ventilasjonssystemet: Om du har eit ventilasjonssystem, sørg for at det er i god stand og fungerer som det skal. Reingjer filter jamleg for å oppretthalde effektiviteten. 
  10. Spar straum på kjøkkenet: Ikkje la vatnet renne når du vaskar opp eller skyller. Bruk lokk på grytene når du kokar, og vel passande storleik på kokekar for å unngå energitap. Slå av omnen nokre minuttar før maten er ferdig, sidan omnen framleis held på varmen. Slå av kjøkkenventilatoren når han ikkje lenger er naudsynt. Regelmessig avriming av fryseren hjelper han med å arbeide meir effektivt og bruke mindre straum. Slå av kaffitraktaren når kaffien er ferdig trakta og bruk termokanne. 

Desse enkle tiltaka kan hjelpe deg med å spare energi i heimen din utan å bruke mykje pengar. Det handlar om å ta små steg mot store sparingar! 

Lyst til å lære meir? 

  • energiportalen.no kan du sjekke kor mykje energi din hushaldning brukar på oppvarming, varmtvatn og lys, og kor mykje du kan spare på straumrekninga di ved å redusere energibruken i heimen din. 
  • Book ein gratis digital energirådgiving av din hushaldning, finansiert av Viken Fylkeskommune og Klima Viken på klimasmart.no 
  • Onsdag 11. oktober kl. 20-21 inviterer Klima Viken til gratis digitalt informasjonsmøte om energieffektivisering i eigen bustad. Her får du råd om kva energitiltak som kan vere lurt å vurdere, både med tanke på bustadstandarden og hushaldningen sin økonomi. 
  • Hos Buskerud Bygningsvernsenter kan du lese meir om energirådgivning i eldre bygg (bygd før ca. 1960).

Relaterte artikler