Gratis webinar om energieffektivisering

Onsdag 11. oktober kl 20 – 21 inviterer Viken Fylkeskommune og Klima Viken til webinar om energieffektivisering i eigen bolig. Dag Arne Høystad frå Naturvernforbundet gir sine råd om kva for energitiltak han meiner er smarte å vurdere, både med tanke på boligens standard og husholdninga si økonomi.

Møtet varar omtrent ein time og vert ikkje tatt opp.

Mange lurer på kva for tiltak som er smartast å gjere for å redusere energibruken og straumrekninga i eigen bolig. I dette møtet får du tips til energieffektivisering av boligen din.

• Kva fortel byggeåret deg?
• Når er det lurt å etterisolere, kvar og kor mykje?
• Kva med ventilasjon og varmegjenvinning?
• Kva for oppvarmingsløysingar fungerer best?
• Korleis flytte forbruket til tider med lågast straumpris?
• Er solceller lurt?
• Kva finns av økonomisk støtte?

Møteleder er Dag A. Høystad. Han har meir enn ti års erfaring i å hjelpe boligeigarar med å finne dei beste energitiltaka i eigen bolig. Han er utdanna ressursgeograf og byggingeniør, med spesiell interesse for energisparing og korleis eksisterande bygg
kan bli energieffektive. Han jobber til dagleg i Naturvernforbundet.

Arrangementet er finansiert av Viken fylkeskommune og Klima Viken.

Klikk deg inn på lenka for å komme til arrangementet: https://klimasmart.no/digitalt-informasjonsmote/

Relaterte artikler